Klasse 6B
Bergsøy skule
Dette var haustens kulaste reknekonkurranse, og alle klassene på Bergsøy skule avd. 5-7 deltok med super innsats! I MatteLabbens Mester konkurrerer klassene saman - fellesskap og felles meistring står i fokus.
I perioden 11.-29.11. har elevane vore gjennom oppgåver der dei har opplevd rekneglede, øvd på reknestrategiar og ikkje mist har dette styrka klassemiljøet sidan klassa konkurrerte saman.
Campus Inkrement er fagleg ansvarleg for konkurransen.
Vi gratulerer alle elevane - både 6B som gjekk av med sigeren og alle dei andre som deltok med iver og lærelyst. Pokalen er vår skule sin vandrepokal - skal tru kven som går av med sigeren neste år?