Elevar på 7.trinn bokbada Maria Parr
Rita Husøy
Alle elevane har lese bøker av Maria Parr.
7.trinn las Vaffelhjerte, og det var denne boka som sto mest i sentrum under bokbadet.
Maria fekk mange fine og kloke spørmål om bøkene sine, om korleis det er å vere forfattar og om kva ho meiner er viktig for å kunne verte ein god skrivar. Ho samanlikna yrket sitt med det å vere fotballspelar - du må like det, du må øve mykje og du må vere tolmodig. Og du må like og lese.
Det var ekstra stas å få gje Maria kunstgåve laga av Patrisce (teikninga på lerret i bakgrunnen). Det sette Maria svært stor pris på.