Engelsk heile dagen

Torsdag 2. juni har alle elevane på Bergsøy skule avd. 5-7 engelsk heile dagen. Elevane er inndelt i aldersblanda grupper som jobbar seg gjennom 9 ulike postar.

Dersom du kjem til skulen vår i dag, kan du sjå at dagen ikkje er heilt vanleg. For mange har kledd seg på engelsk vis. Elevane har klede som liknar på engelske skuleuniformer, og dei tilsette ser ut slik vi trur ein engelsk lærar og assistent ser ut. På dei 9 postane møter elevane varierte oppgåver og jobbar dei skal uføre. Dei skal løyse kryssord og synge  - sjølvsagt på engelsk. Innimellom får dei nyte ein ekte "cup of tea and biscuit" før dei spelar baseball i Fiskarhallen. På veg dit skal dei gjennom ein guida tur i London. På denne turen besøker dei Big Ben, Tower of London, Madame Tussauds og Buckingham Palace. Kanskje møter dei dronning Elizabeth som feirar sine 70 år på trona i desse dagar? 

Elevane skal øve på engelske ord og uttrykk før dei planlegg og gjennomfører drama og skodespel.

We wish you all a very nice day!