Festkaker på 6. trinn

6. trinn har «Festdagar i mai» som tema i mat og helse. Dei har laga det flottaste kakebordet. Alt er laga frå botnen av  til og med vaniljekremen på pavlovaen!

Denne fine kaka i fargane raudt,kvitt og blått har elevane på 6.trinn laga. - Klikk for stort bileteFlott 17.mai-kake Torill Steinsvik

I faget skal elevane lage måltid prega av kultur og tradisjon. Kva er vel meir tradisjonsrikt i mai enn gode kaker?

Trinnet er delt inn i 3 grupper med 16 og 17 elevar på kvar gruppe. Lærar Torill har planlagd dette svært godt, og både ho og elevane har god grunn til å vere strålande fornøgde! Festbordet smakte fortreffeleg. Heldigvis vart det litt til overs som nokre heldige fekk smake.

Med dette ynskjer vi på Bergsøy skule alle ein god, søt og smaksrik 17. mai!