Første elevsamling i høve advent

Fredag 29.november inviterte 5.trinn inn til adventssamling for medelevar, tilsette og føresette på trinnet sitt. Det vart ei flott stund med mykje fint program laga av elevane og dei vaksne på trinnet.

Elevane på scena iført raude nisseklede - Klikk for stort bileteElevane på 5.trinn Bergsøy skule

Skulen har adventssamling kvar fredag framover. Femte trinn var først ut.

Det er flott for alle at vi kan samlast for å ta del i det elevane har øvd inn og viser fram.

Programmet i dag var variert og kjekt. Vi fekk servert song, dans, lesing og svært god stemning. Det heile vart toppa med felles nissedans som siste programpost. Dette var ein fantastisk start på adventsstida. 

Vi gler oss til neste fredag. Då er det 6.trinn som inviterer. Rykta går om at vi bør sjå fram til ei flott oppleving.