7.trinn
Bergsøy skule
Elevane og dei tilsette hadde øvd inn eit flott program samansett av song, dans, skodespel, lystenning og luciamarkering.
Elevar frå Ukraina las dei fire adventsversa på sitt fine språk - det var stemningsfullt og sterkt å ta del i.
Vi vaksne er svært stolt av elevane våre. Alle trinn har levert strålande gode program med variert og inkluderande innhald. Tusen takk til alle som har kome for å delta og til alle som har jobba hardt for at fredagane i adventstida har vorte ekstra fin og samlande for alle.
God jul frå smått og stort!
Nokre av nissane på 7.trinn
Bergsøy skule