Spennande leseprosjekt

I veke 10-12 skal elevane på Bergsøy skule avd. 5-7 ha leseprosjekt.

I år skal vi jobbe med bøker av Maria Parr medan vi flyttar oss frå sør til nord i eige fylke.

Kart over Møre og Romsdal med båt plassert på Herøy - Klikk for stort bileteFylkeskart Bergsøy skule

Bergsøy skule har leseprosjekt kvart år.

I år skal vi jobbe med bøker av Maria Parr som er ein kjend forfattar frå vårt eige fylke.

Elevane skal innom mange kommuner langs kysten medan “Kystruta” flyttar oss nordover frå Vanylven til Veiholmen. Vi får besøk av Maria Parr og elevane skal ha bokbad saman med henne.

Målet med prosjektet er auka leseglede. I tillegg ynskjer vi at elevane skal lære meir om ma. lokalhistorie, geografi og lokalt næringsliv.

Vi gler oss!

 

Kystruta avmerka på rett stad på kartet - Klikk for stort bileteKystruta på kartet Bergsøy skule