Svært stemningsfull adventssamling på Bergsøy skule

Den første adventssamlinga i år var det elevane og dei tilsette på 5. trinn som hadde ansvar for. Det gjorde dei strålande flott!

Elevane hadde eit rikhaldig program med song, musikk, lesing og skodespel.

Vi ser fram til neste fredag når 6. trinn tek over stafettpinnen og skal ha ansvar for samlinga knytt til det andre lyset.