Sommaravslutning

Tysdag 27. mai samla vi heile Blåhaugen til sommaravslutning. Store og små var engasjerte i aktivitetar og jammen såg vi sola og. 

Blåhaugen har 135 elevar og tysdag 27. mai la vi opp til sommaravslutning og inviterte føresette. Kvelden var godt førebudd og elevane hadde øvd på fleire songar som dei skulle framføre. Dette greidde dei med glans og fekk stor applaus. 

Dei tilsette sto deretter på kvar sine postar rundt om kring på området, der barn og føresette kunne ha det kjekt ilag og løyse oppgåver.  Dette var stor suksess og vi fekk gode skussmål for eit godt opplegg. Mot slutten av samlinga vart det småprat og matbit. Ein kunne vere både inne og ute på skulen og knytte band med andre.  

Dette vart ein kjekk kveld saman med tilsette, elevar og føresette og dette er noko vi gjerne vil gjere fleire gongar. 

 

Barnekor og publikum. - Klikk for stort bileteBarnekor og publikum. Synnøve Kalleklev

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleire ark ligg ut over golv.  - Klikk for stort biletePostane vart fordelt mellom dei tilsette og alt var tilrettelagt og klart. Cecilie Zahl

 

 

 

 

 

 

Ark med tekst.  - Klikk for stort bileteOversikt over dei ulike postane med aktivitetar. Cecilie Zahl

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bokstaven M. - Klikk for stort bileteForm ein M. Rikke Kopperstad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bokstaven S - Klikk for stort bileteForm ein S. RIkke Kopperstad

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bokstaven Å. - Klikk for stort bileteForm ein Å. Rikke Kopperstad