Fadderlesing

På skulen vår har vi ei fadderordning som inneber at alle nye førsteklassingar får ein fadder frå femte klasse. Denne veka har fadderande hatt leseøkt  i lag med førsteklassingane. Det var veldig kjekt! 

Store les for små - Klikk for stort bileteViktig å sjå på bileta også! Sølvi Nerem Berg

Det er kjekt både for store og små når dei får vere i lag og lære av kvarandre. På Einedalen skule får dei yngste behalde fadderen sin frå første til og med tredje klasse. Dei vert altså godt kjende med fadderane sine.  Vi har faddertimar jamnt gjennom  heile året. 

Dei eldste får lære om ansvar, omsorg, empati og mykje anna, så fadderordninga er positiv både for dei store og for dei små. Denne gongen var det høgtlesing. Neste gong er det kanskje brettspel, felles lunsj eller ein tur i fjøra? 

Store les for små - Klikk for stort bileteMøblane på Sfo er nok mest tilpassa dei minste Sølvi Nerem Berg Store les for små - Klikk for stort bileteMange kjekke bøker å velge mellom i skulebiblioteket Sølvi Nerem Berg Store les for små - Klikk for stort bileteKoseleg lesekrok i klasserommet Sølvi Nerem Berg Store les for små - Klikk for stort bileteEkstra kjekt når bileta har mange detaljar Sølvi Nerem Berg Store les for små - Klikk for stort bileteEin kan vere fleire små lyttarar til samme bok! Sølvi Nerem Berg