I samarbeid med Erasmus + har vi utveksling i Europa for lærlingane våre, og i januar reiser 3 av lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfaget til Erfurt i Tyskland og skal ha læretid der i ei periode.
I den forbindelse har vi denne veka besøk av 6 rektorar og sfo leiarar i frå 4 forskjellige barneskular i Erfurt der våre lærlingar i frå fylket skal jobbe. Rektorane og SFO-leiarane er her for å få hospitere i klasserom, sjå på organiseringa av skule og SFO-kvardagen, for å dele erfaringer på tvers av landegrensene.
Heldigvis har vi på opplæringskontoret for søre Sunnmøre dei aller beste lærebedriftene, som seier JA, og som tek i mot oss, og ønsker oss velkommen inn når vi spør om det!
I Herøy kommune har vi Einedalen skule som ei av våre medlemsbedrifter, og der er Sofie lærling. Ho skal reise nedover til Erfurt i januar, og derfor passa det bra at vi fekk kome dit på hospitering med to av dei som er her frå Tyskland denne veka.
Sofie, rektor Jan- Helge, og Sfo-koordinator Annette har teke i mot oss, og gitt oss informasjon, omvisning på skulen og i ulike klassetrinn, vi har fått delteke i undervisninga, og vi har våre innom kvardagen på SFO.
Erasmus + er eit program for å læringsopphald i utlandet for lærlingar, men også for samarbeid og erfaringsutveksling for lærebedrifter. Det gir blant anna fagleg utvikling for begge parter, språkutvikling, og auka kunnskap.
Fabian Möbus og Kitty Heckert
Fabian Möbus og Kitty Heckert foran Einedalen skule