Når Einedalen blir Galtvort

I tre veker har 7. trinn på Einedalen skule utforska Harry Potter-universet. Eit skikkeleg tverrfagleg tema der dei klassiske faga har vore bytta ut med spennande fag dei har på trollmannsskulen Galtvort. 

I tre veker har 7. trinn på Einedalen skule utforska Harry Potter-universet. Eit skikkeleg tverrfagleg tema der dei klassiske faga har vore bytta ut med spennande fag dei har på trollmannsskulen Galtvort. Elevane har fått inntaksbrev, vorte sortert i dei fire husa, og har samarbeida om å få poeng og vinne den gjeve huspokalen kvar veke. Kvar dag på skulen har dei høyrt på lydbok frå bok nr 1: Harry Potter og De vises stein, og avtalt leselekse til neste dag. Dei har mellom anna spikka sine eigne tryllestavar og øvd på trylleformlar, fått høyre om alkymi, utforska skilnadane mellom engelsk og norsk bokutgåve og korleis omsetjaren jobbar, lært om urter og planter, utforska astrologi, lært om ugleartar og andre dyr i HP-verda, lytta til filmmusikken, lært om komponistane, regissørane og dei ulike skodespelarane frå filmane, og ikkje minst vorte svært gode i sporten rumpeldunk. Etter tre veker med undervisning tok elevane den gjeve trollmannseksamenen U.G.L.E. og elevane bestod med glans. Eit gjennomsnitt på 52 av 60 poeng må vi seie oss strålande nøgde med. Etter boka var ferdig lest såg dei filmen og samanlika boka og filmen. Eit veldig kjekt prosjekt som vi har kosa oss mykje med.

 

 

Elevar og smartboard - Klikk for stort bileteMagiske vekster Line Konningen Oversikt over timeplan  - Klikk for stort bileteMange spennande fag! line Konningen Klasserom  - Klikk for stort bileteKlasserommet inndelt i fire "hus" Line Konningen Oppslag i klasserommet - Klikk for stort bileteRumpeldunk-reglar Line Konningen Tryllestavar - Klikk for stort bileteAlle har laga sin personlege tryllestav Line Konningen Bok: Harry Potter og de vises stein - Klikk for stort bileteLydbok og papirbok Line Konningen