Spennande kanonballturnering
Torsdag 19.06 var det den årlege kanonballturneringa på Einedalen. Det har vore ein fast tradisjon no i fleire år at ein før sommaren kårar den beste klassa i kanonball.
I kvalifiseringsrundene var det 3.klasse og 7.klasse som gjekk seirande ut av sine puljer.
Det vart ei spennande finale mellom dei to, der 7.klasse gjekk av med seieren. Premien for det er å få spele mot dei vaksne på skulen. Det vart ein særs spennande kamp, der resultatet kunne gått begge vegar. Begge lag kjempa med nebb og klør, men det var 7.klasse som til slutt kunne løfte hendene i veret og feire seieren! Gratulerer til dei!
Knallskot
Takkar for kampen.
7.klasse feirar seieren!