Vinterfest

Elevar på scena - Klikk for stort bileteHeile klassen samla Amanda Voldsund

Sjetteklassingane på Einedalen har hatt vinterfest!

Alle elevane var i sving då elevane inviterte til vinterfest på allrommet. Her var det songarar, musikarar, skodespelarar, humoristar og nesten alt ein kan tenkje seg av underhaldning på scenen.

Det er alltid kjekt når elevane får invitere sine føresette til framsyningar, og denne kvelden var ikkje noko unntak. Elevane får ofte vise heilt nye sider av seg sjølv i slike samanhengar, og her var det mange som vaks med oppgåvene. 

Lærarane, Line og Amanda, hadde lagt ned mykje arbeid i å sy framsyninga saman, og mange øvingstimar var lagt ned før framsyninga var klar, og dette fekk både elevar og føresette nyte godt av då dagen endeleg var her. 

Ein veldig kjekk kveld med glade barn og vaksne! 

Elevar på scenen - Klikk for stort bileteEit av nummera frå framsyninga Amanda Voldsund