Herøy produksjon

Herøy produksjon

Herøy produksjon er ei kommunal bedrift som er ein del av bu- og habiliteringstenesta i Herøy kommune. Vi har for tida tilsett ti brukarar, og held til på Myklebust, vis-à-vis Cash & Carry, om lag to kilometer frå Fosnavåg sentrum.

Kven er vi ?

Herøy produksjon er ei kommunal bedrift med ei lang historie på over 30 år. «Dagsenter», «Møbel fabrikk» med fleire var namnet før i tida. Men Herøy produksjon er ein viktig plass for personar med ulike funksjonsvanskar, og det er akkurat dei personane som  gjer at bedrifta er ein unik arbeidsplass.   

Vi er 9 arbeidstakarar, dagleg leiar og 4 arbeidsleirar (2,50 årsverk). Alle tilsette har høg utdanning innan sosialt arbeid, barnevern, vernepleiarar, snekkerfag-kompetanse, og alle har lang arbeidserfaring med å arbeide med folk med samansette behov.

Tilrettelagt arbeidstilbod

Herøy produksjon har  eit variert  og tilrettelagd arbeidstilbod til personar med ulike funksjonsvanskar over 18 år, og som er busette i Herøy kommune.

Herøy produksjon har i hovudsak ein verkstad der det vert laga ulike produkt av tre. I dei siste åra har vi starta med ei ny teneste, nemlig digitalisering av film og bilde, noko som har vore ein stor suksess. I tillegg lagar vi miljøvennlege tennbrikkettar som kjøparane er godt nøgde med.  Vi har mange nye idear til produktutvikling.

Herøy produksjon leverer blant anna trevareprodukt til både næringsliv og den private marknaden. I tillegg til dette har vi utstyr til å digitalisere filmar og bilete. Du kan lese meir om dei ulike produkta og finne prisinfo i underkategorien produkt.

Opningstider:

Mandag – fredag: 08.00-15.30

Tilsette:

Evelina Nikolaeva (dagleg leiar)
Arne-Helge Storeide
Ann - Iren Remøy
Maria Kvalsund Warholm
Frode Haugstveit

Adresse:

Herøy produksjon

Kvithaugsmyra 2

6092 Fosnavåg

E-post: heroy.produksjon@heroy.kommune.no

Tlf: 70 08 46 65/48 99 78 60