Forfattarbesøk på Herøy folkebibliotek OBS! Arne Hjeltnes endra til 20. oktober kl. 09.00!!!

I oktober og november 2026

Herøy folkebibliotek har vore så heldige at vi har fått 60.000 kroner i eksterne midlar frå Fritt Ord til bruk for arrangement for vaksne. 
 


 

Her ser du kven som kjem hit når, kva bok dei skal snakka om og kva sjanger dei skriv i.

 

Forfattarbesøk hausten 2026
ForfattarDato og klokkeslettTittel på bokSjanger
Michael Cross (Gunnar Inge Berge)15. okt. kl. 18.00DeltaskyggeThriller
Arne Hjeltnes20. okt. kl. 09.00Det går sikkert bra - folk eg har møtt og ting eg har lærtSakprosa
Gard Sandvig31. okt. kl. 13.00I dagdraumane finst du alltidDikt
Hege Norman-Stormbringer2. nov. kl. 18.00HonningpikeneSerieroman
Simon Stranger24. nov. kl. 18.00StrangerRoman
Trude Teige25. nov. kl. 18.00Én for alleKrim

 

Det blir sal av forfattarane sine bøker under arrangementa.
Det er gratis å bli med som publikum.

 

 

 

Arrangementa som er finanisert frå Fritt Ord har det til felles at innhaldet i boka og/eller forfattaren har ein viss tilknytning til Herøy. 
I dette prosjektet vil vi få fram breidda av forfattarar som skriv for vaksne.

 

Arrangementa med Hjeltnes og Stranger er ikkje betalt av denne større summen frå Fritt Ord. Dei går under eit samarbeid biblioteket har med Litteraturhus i Møre og Romsdal og Nynorsk kultursentrum. 

                     Litteraturhus i Møre og Romsdal har fast støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune i tillegg til bidrag frå kommunane, Sparebank1 Nordmøre, Fritt Ord, Kulturrådet og Human-Etisk Forbund. Nynorsk kultursentrum koordinerer tilbodet på Sunnmøre medan Bjørnsonfestivalen har ansvaret på Nordmøre og i Romsdal. Herøy folkebibliotek har også bidratt økonomisk til arrangementet.

 

 

Velkomen!