illustrasjon laga med kunstig intelligens (Microsoft Copilot)
Herøy folkebibliotek skal stenge frå og med 1. mai for å flytte til Rådhusgata 12 i Fosnavåg sentrum.
Lån så mykje du vil og behald bøkene til vi opnar igjen
Brukarane våre kan låne så mykje dei vil før 1. mai og ha bøkene til vi opnar dørene igjen i løpet av hausten.
Det blir ikkje sendt ut purringar og erstatningskrav på låna som blir gjort frå no av til vi opnar igjen.
Skular og barnehagar
Skulane kan be om å få låne bøker frå samlinga vår og behalde dei til vi opnar igjen, men vi kan ikkje fjernlåne bøker og klassesett i perioden. Sidan vi har tidspress på oss no, er absolutt frist for å melde si interesse for bokkasse 20. april og for å hente bøkene 30. april.
Vi har dessverre ikkje høve til å halde lesestunder i perioden, men kjem tilbake til det når vi opnar igjen. Barnehagane vil få nye depot-bøker som vanleg, ein gang i juni i første omgang.
Fjernlån
Vi kan ikkje tilby fjernlån, altså lån frå andre bibliotek frå og med 15. april.
Sommarles
Sommarles startar 1. juni og går sin gang, men blir litt vanskelegare i år, sidan vi ikkje kan låne ut bøker til sommarlesarane våre. Dei kan komme og hente bøker før 1. mai og ha dei til vi opnar igjen.
Elles anbefaler vi sommarlesarane til å lese bøker på BookBites eller låne bøker frå nærliggande bibliotek. Vi har ein avtale med Ulstein bibliotek om å hente premiar der, men vi skal prøve å finne ei ordning på å kunne hente premiar her i Herøy også når vi veit litt meir.
Digitale tenester
Vi oppmodar brukarane våre til å nytte seg av digitale tenester som BookBites, Flipp, PressReader, Filmoteket, Filmbib, Cineast, NLB og bokhylla.no både når vi har stengt og seinare. Vi er tilgjengeleg for å rettleie om desse tenestene før 1. mai og det blir lagt ut meir informasjon på heimesida om dei enkelte tenestene etter kvart.