Kjenner du ein som er glad i å spela Minecraft på data?

Bibliobattles 2025 byrjar snart. 

Bibliobattles er ein nasjonal, lågterskel og inkluderande spelturnering i spelet Minecraft. Målet er å finna ut kva bibliotek som har dei beste byggjarane. I 2024 var spelarar frå Herøy fylkesmeistrarar. 

 

Temaet for årets Bibliobattles er eventyr. 


Bibliotekar Benedicte Salmelid Hübenthal oppmodar alle interesserte til å sjå i eventyrbøker for å finna inspirasjon til byggverk før årets konkurranse byrjar. Meir informasjon finn du på battles.no

Bibliobattles 2025  - Klikk for stort bileteBibliobattles 2025 Magnus Hegdal