Les 100 bøker før du er 6 år! 📚💚
Velkomen til ei kjekk lesekampanje for dei yngste barna!
Les saman og skap gode lesestunder og leseglede.
KI-bilete (RTS)
Slik blir de med:
- Hent eit gratis lesehefte på biblioteket.
- Les bøker saman med barnet.
- Kryss av etter kvart.
- Kom til biblioteket når de har lese 25, 50, 75 eller 100 bøker, så får barnet velje ein button.
- Når de har lese 100 bøker, får barnet også eit superlesar-diplom.
Kva bøker kan de lese?
- Alle bøker tel!
- De kan låne på biblioteket eller lese eigne bøker heime.
- Lydbøker, e-bøker og bøker frå barnehagen kan også telje.
Hugs at …
- Høgtlesing tel.
- Same bok kan lesast fleire gonger.
- Barnet vel sjølv kva button det ønskjer.
- Det viktigaste er ikkje kor fort de kjem til 100 bøker.
- Det viktigaste er at barnet får gode opplevingar med bøker saman med ein vaksen.
Kvifor er høgtlesing så viktig?
- Når du les for barnet ditt, gir du mykje meir enn ei god historie.
- Du styrkjer: språk og ordforråd, fantasi og kreativitet, konsentrasjon, leselyst, nærleik og gode felles opplevingar
Berre nokre få minutt med høgtlesing kvar dag kan gjere ein stor forskjell. 📚💚