Meirope bibliotek

Bruk biblioteket når det passar deg! Alle registrerte brukarar over 18 år ved Herøy folkebibliotek kan få tilgang til meirope bibliotek. 

Med lånekort og PIN kan du låse deg inn sjølv og bruke første etasje akkurat når det passar deg, også når det ikkje er personale til stades. Her kan du låne og levere bøker, sitje i ro og fred og lese eller jobbe, og bruke wifi, skannar og printer. Tilbodet er heilt sjølvbetent, og lokalet er videoovervaka i ubemanna tid for å sikre ei trygg og god oppleving.

Meirope - Klikk for stort bilete Randi Tveit Solheim

Kva betyr meirope?
Meirope betyr at du kan bruke biblioteket også når personalet ikkje er til stades. Du låser deg inn med meiropekort og PIN-kode innanfor meirope-tidene.

Kven kan bruke meirope?
Registrerte brukarar over 18 år kan få tilgang. Vaksne med meirope-tilgang kan ta med eigne barn, men barna kan ikkje vere på biblioteket åleine når det er ubemanna.

Korleis får du tilgang?
Kom innom biblioteket i den bemanna opningstida. Ta med gyldig legitimasjon med bilete. Når du har signert ei avtale om bruk av meirope, får du eit kort som du brukar saman med PIN-koden. 

 

Kva må du hugse på?

  • Ikkje slepp inn andre med kortet ditt. Unntaket er eigne barn som er saman med deg.
  • Legg bøker du skal levere, i innleveringskassene. Personalet registrerer dei når biblioteket er bemanna igjen.
  • Andre etasje er stengd når biblioteket er ubemanna.
  • Ta godt vare på biblioteket og vis omsyn til andre brukarar.
  • Ved brot på reglane kan du miste tilgangen til meirope. Hærverk og tjuveri blir politimelde.

 

Meiropetider:

Måndag–fredag: 07.00–22.00
Laurdag–søndag: 08.00–18.00

 

Bemanna tider hausten 2026:
Måndag 11.00–15.00 • Tysdag 11.00–17.00 • Onsdag 11.00–17.00 • Torsdag 11.00–15.00 • Fredag 11.00–15.00 • Laurdag 12.00–15.00

Om lag kvar tredje laurdag er biblioteket ubemanna og berre meirope. Kan bli endringar, så følg med på heimesida og Facebook!