Sommarles

Snart byrjar årets Sommarles-konkurranse.

Asbjørn og Astrid  - Klikk for stort bileteAsbjørn og Astrid Cha Sandmæl






Konkurransen er for dei som skal byrja på skulen til hausten, til og med dei som går i 7. klasse.

 

Barnet lagar ein profil på sommarles.no, og les så mykje det orkar i løpet av sommaren. Etter kvart som barnet les registrerar det kor mykje tid som har vorte brukt på lesinga, og det vil få moglegheit til å henta ulike premiar på biblioteket. Her finn ein også vekas kodeord, som ein kan registrera og få poeng for. Temaet for i år er teikneseriar, men ein kan lesa bøker frå alle sjangrar. I år vil det også koma fleire utfordringar med jamne mellomrom, mellom anna “finn og les ei bok som har nøyaktig tre ord i tittelen”.

 

Det går fint å høyra på lydbøker i denne konkurransen. Ynskjer du tips til tilrettelagd litteratur vil vi tipsa om tibi.no. Spør bibliotekaren viss du vil ha inspirasjon til kva som kan bli di neste favorittbok.