Ukjent
Korleis hamna USA der landet er i dag – politisk splitta, sosialt uroligt og kulturelt fragmentert?
I dette foredraget spør Hans Olav Thyvold om det vi ser no, faktisk er resultatet av ei kulturell utvikling som har vore i forfall sidan nasjonen feira 200-årsjubileum i 1976. Gjennom amerikanske uttrykk innan film, litteratur, musikk, kunst og til og med teikneseriar – frå dei siste 50 åra – teiknar han eit tankevekkjande bilete av eit samfunn i langsam endring.
Er det verkeleg ei djup kulturell forvitring – eller berre ein ny fase i USAs historie?
Forelesar: Hans Olav Thyvold gjekk inn i pressa som 15-åring i 1974 og har sidan vore ei markant stemme i norsk kulturliv. Han er journalist, forfattar og omsetjar, og er særleg kjend for romanen Snille hunder kjem ikkje til Sydpolen, som er omsett til sju språk og gitt ut i meir enn 30 land.