Utfordringar i samband med meirope.

Den siste tida har vi fått tilbakemeldingar om at personar som har tilgong til ubemanna bibliotek her får til å opna døra med kortet sitt, men ikkje får til å logga seg inn på butleren vår (den sjølvbetente maskina). 

Bøker i biblioteket - Klikk for stort bileteBøker i biblioteket Benedicte Salmelid Hübenthal

 

Nokre lånarar har heller ikkje fått tilgong til dei digitale filmtenestane våre: Cineast og Filmoteket. Det gjeld også tilgong til Bibliotekkortet.no.

 

Dette er svært beklageleg. Sannsynlegvis har det ein samanheng med koplinga mellom det nye datasystemet vårt (Cicero) og nasjonalt lånarregister. Det kan også ha ein samanheng med at vi er fire bibliotek som delar database. Det er dessverre ikkje noko vi kan fiksa lokalt frå Herøy folkebibliotek. Vi har kontakt med leverandøren av Cicero. Dessverre veit vi ikkje kor lang tid det vil ta før desse utfordringane er ordna. 

 

Viss du har registrert tilgong til ubemanna bibliotek så send oss ein e-post med ditt namn og dei titlane du ynskjer å låna, når du er inne på det ubemanna biblioteket. Så kan du låna dei bøkene då, og me kan registrera dei digitalt her på deg forhåpentlegvis første arbeidsdag etter det.

 

Så håpar vi på tolmod frå publikum fram til vi får endra dette.