Biblio, biblioteket sin nye e-bokapp.

Biblio, biblioteket sin nye e-bokapp.

Les e-bøker gratis med Biblio!

Kom i gang med Biblio 📚🎧

Biblio erstattar BookBites. Her kan du låne e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.

Du kan bruke Biblio på mobil eller nettbrett, eller på PC.

 

Har du brukt BookBites før?

Då treng du ikkje lage ein ny brukar. Last ned Biblio og logg inn med same e-postadresse og passord som du brukte i BookBites

Har du gløymt passordet? Vel Gløymt passord når du skal logge inn.

 

Har du ikkje brukt BookBites før?

  1. Last ned appen Biblio frå App Store eller Google Play.
  2. Opne appen og vel Opprett brukar.
  3. Skriv inn e-postadressa di og lag eit passord.
  4. Følg rettleiinga du får på skjermen.
  5. Legg inn lånekortnummer og PIN-kode når du blir beden om det.

No er du klar! 😊

Slik låner du ei bok

🔎 Søk etter boka du ønskjer.

📖 Vel Lån dersom boka er ledig.

⏳ Er boka utlånt, kan du velje Reserver.

Boka blir automatisk levert tilbake når lånetida er ute. Du treng ikkje hugse å levere henne tilbake sjølv.

 

Treng du hjelp?

Kom innom biblioteket – vi hjelper deg gjerne med å kome i gang! 😊
 

Har du ikkje lånekort ? 

Ta kontakt med biblioteket der du bur eller få deg eit lånekort via Nasjonalbiblioteket: https://bibliotekkortet.no

Det er gratis å låne bøker på biblioteket.

Video: Slik oppretter du en ny bruker

Biblio - Klikk for stort bilete Logo