BookBites, biblioteket sin e-bokapp.

BookBites, biblioteket sin e-bokapp.

Les e-bøker gratis med BookBites!

For å opprette ein brukar i BookBites treng du ei gyldig e-postadresse og eit lånekort frå biblioteket.

  1. Last ned appen BookBites i App Store eller Google Play .
  2. Vel «Opprett ny brukar». Pass på at du vel riktig land øvst.
  3. Lag brukar med ei gyldig e-postadresse og sjølvvalt passord.
    Du kan også bruke ein eksisterande Facebook-, Google- eller Apple-konto. Vi tilrår likevel at du brukar e-postadresse og passord når du opprettar brukar. Dersom du treng hjelp seinare, treng vi e-postadressa di for å kunne søke opp brukaren din.
  4. Følg instruksjonane og legg inn opplysningar. Det kan vere lurt å legge inn korrekt fødselsår, slik at du får bokhyller som passar til alderen din i BookBites.
  5. Hugs å legge inn lånekortnummer. Når du opprettar brukar, må du legge inn lånekortnummer og PIN-kode, og deretter velje biblioteket ditt. Dette gjer du berre éin gong. Har du gløymt lånekortnummer eller PIN-kode, finn du informasjon om dette på Nasjonalbiblioteket sine nettsider: https://bibliotekkortet.no. Lånekortnummeret startar som regel med N00 (null-null).
    Når du seinare skal logge inn i appen, brukar du e-postadressa og passordet du valde – eventuelt andre innloggingsmetodar (Facebook, Google eller Apple ID).
  6. Legge inn lånekortnummer seinare. For å få tilgang til bøker i appen må du ha lagt inn eit lånekort som er knytt til eit bibliotek. Lånekortet må vere registrert på brukaren din i BookBites. Du kan legge til lånekortnummer og knyte til fleire bibliotek seinare under «Mine bibliotek» i «Innstillingar» i appen.

 

Har du ikkje lånekort på eit bibliotek? Ta kontakt med biblioteket der du bur eller få deg eit lånekort via Nasjonalbiblioteket: https://bibliotekkortet.no

Det er gratis å låne bøker på biblioteket.

Video: Slik oppretter du en ny bruker

ein kvit b som logo - Klikk for stort bileteein kvit b som logo