Filmar

Filmar

Biblioteket har ei fin samling med over 1600 DVDar for barn, ungdom og vaksne.

Vi gjer eit utval basert på både kvalitet og popularitet når det gjeld innkjøp av filmar. Vi satsar på ny norsk og utenlandsk kvalitetsfilm, og kjøper også inn ein del klassikarar og typiske "storfilmar". I DVD-hyllene finn du også fagfilmar (dokumentarfilmar) om ulike tema frå yogatrening til historie, helse, vitenskap, natur osv.

Lånetida for film er 2 veker.

Biblioteket følgjer aldersgrensa som står på filmane.

 

Dersom du har god tips,  sei ifrå til oss på biblioteket! Vi vil enten kjøpe eller bestille inn frå andre bibliotek dei filmane DU synest kan være kjekt å sjå på!

 

 

Nettsider for deg som er interessert i film:

  • Imdb.com - her kan du sjå lister over dei beste filmane som nokon gong er laga, nye filmar på kino, nye filmar på DVD og nyheiter innan film og TV.
  • Filmpolitiet - her finn du meldingar av både gode og dårlege filmar og seriar, og nye titlar verdt å få med seg.
  • Vg.no/film - her finn du nyheiter om både skodespelarar og film.