Slektsgransking

Slektsgransking

For å kome i gang med slektsgransking er biblioteket eit godt utgangspunkt. På lokalsamlinga finst bygdebøker for kommunen, med oversikt over gardane og kven som budde der. Her finst også slektshistoriske bøker frå området. Og her finst handbøker som syner korleis du kan arbeide med slektsgransking med råd og tips for nybyrjarar.

Det finst store mengder informasjon på nettet der ein kan søke etter forfedrane sine. Biblioteket kan hjelpe deg å få ein oversikt, kome med tips til korleis du skal leite, m.m.

Dei fleste av desse digitale ressursane ligg på Digitalarkivet. Som ei første hjelp på vegen til å finne slekta di tar vi med nokre tips frå Digitalarkivet til nybyrjarar:

Tips for nybyrjarar i slektsgransking (frå Digitalarkivet):

  • Start med å snakke med eldre familiemedlemer for å få vite mest mogeleg om slekta di
  • Det er ein fordel om ein kjenner namn, fødselsår og gjerne fødestad/bustad til slektningar som levde i 1910. Då kan ein søke etter desse i Folketeljinga 1910 som er den nyaste folketeljinga tilgjengeleg på Digitalarkivet. (Folketeljingane har ein sperrefrist på 100 år, difor vil Folketeljinga 1920 bli tilgjengeleg i 2020.)
  • Informasjonen du finn i Folketeljinga 1910 gir deg grunnlag for vidare søk i dei skanna kyrkjebøkene som også finst i Digitalarkivet.
  • Det finst også mange forum for slektsforskarar, der ein kan få hjelp og rettleiing.
  • Får du dreisen på slektsgranskinga kan du finne mange interessante opplysningar om slekta di. Til dømes kvar dei levde, korleis de budde, om dei flytta eller utvandra, kven dei gifta seg med og kor mange born dei fekk, kva slag yrke dei hadde, kva dei eigde og kva dei betalte i skatt, om dei braut lova, om dei krangla med naboane osb.