Bibliotekkortet på mobilen!

Bibliotekkortet på mobilen!

Dersom du er registrert i Nasjonalt låneregister, kan du logge inn på Bibliotekkortet.no og bruke strekkoden der til å låne bøker på bibliotek i heile Noreg. Då har du alltid med deg lånekortet ditt 👍 

Spør på biblioteket om du er usikker på om du har nasjonalt lånekort.

Bibliotekkortet kan du registrere deg eller barnet ditt, eller administrere opplysningane om deg.

Slik brukar du kortet

Du bruker lånenummeret ditt til å bli lånar ved det biblioteket du ønskjer. Du blir ikkje automatisk tildelt eit bibliotek. Du kan bestille bøker frå andre bibliotek på Biblioteksøk. For å sjå filmar går du til Filmbib. Sjekk ditt lokale bibliotek for å sjå kva andre tenester du har tilgang til. Du har nemleg ikkje automatisk tilgang til alle ressursar ved alle bibliotek sjølv om du har Bibliotekkortet. For å kunne nytte Filmoteket, BookBites og andre tenester må du først bli lånar ved eit bibliotek som tilbyr desse. Om du ønskjer eit fysisk kort etter å ha registrert deg her, kontaktar du det lokale biblioteket ditt.

På Min side kan du endre telefonnummer, e-postadresse og passord og/eller PIN-kode. Namnet ditt og adressa di blir henta frå Folkeregisteret. For å endre personopplysningar loggar du deg inn på Min side med kortnummeret ditt eller med ID-porten.

Vi oppfordrar deg til å bruke ID-porten eller setje eit passord for at innlogginga skal vere sikker. Førebels vil du òg trenge ein PIN-kode til bruk på biblioteka sine automatar.

Kortet er gratis. For å bli lånar må du oppgi fødselsnummer. D-nummer kan òg brukast. Er du under 15 år, må ein føresett logge seg inn med ID-porten. Når du har fylt 15 år, kan du registrere deg som lånar sjølv. Om du allereie har eit lånekort, vil dette fungere som før.

Mine bibliotek

Når du skaffar deg kortet på nett, må du deretter bruke lånenummeret du har blitt tildelt, for å bli lånar ved ønska bibliotek. Søk opp biblioteket si heimeside eller besøk biblioteket. Så snart du er lagt til ved eit nytt bibliotek, vil det dukke opp i lista Mine bibliotek. Den finn du når du loggar deg inn på Min side. Du kan bli lånar ved så mange bibliotek du vil. Deretter kan du endre kva bibliotek som skal vere ditt heimebibliotek, ved å logge deg inn på Min side.  Alt du bestiller frå andre bibliotek, vil bli sendt til det biblioteket du har valt som heimebibliotek.

Når Bibliotekkortet skal brukast første gong i eit nytt bibliotek, må du aktivere kortet der. Dette er fordi norske bibliotek har forskjellige lånereglar. Den som skal bli lånar på eit bibliotek, må derfor godta dei lokale lånereglane før kortet kan brukast. Nokre stader må ein møte opp fysisk på biblioteket, medan andre bibliotek bruker digital godkjenning.