Vere saman og Regnbogeløva

Vere saman og Regnbogeløva

Alle barnehagane i Herøy er Vere Saman-barnehagar. Leikanger barnehage starta jobbe med dette pedagogiske materialet i hausten 2018, og det legg grunnlaget for den pedagogiske plattforma i arbeidet vårt.

Vere saman bygger på Diana Baumrind sin teori om fire ulike vaksenstilar der vår retning er Den autoritative vaksne – den varme og nære vaksne som i møte med barnet rettleier og set tydelige grenser. Denne vaksenstilen er grunnleggande i barnehagen og utgjer ein viktig del av barnehagen si plattform og dei vaksne si felles forståing. Når barnet møter ein vaksen som gir tryggheit, gode rammer, lyttar og viser respekt, vert det positive forsterka i samspel med andre, både barn og vaksne. Barnet får samtidig ei forståing og hjelp i det å samhandle med andre, styrke sitt eige sjølvbilde og tidleg danning og forståing for kva som er rett og galt. Dette veit vi er viktige faktorar som førebygg negativ åtferd og utestenging/mobbing. Trygge barn som tek plass, og samtidig gir plass til andre – det er inkludering på sitt beste.

 

  

 

Regnbogeløva er verdiformidlaren i Vere Saman, og den som inspirerer og hjelper barna og oss vaksne til å følgje Løvelova:

Kan du løvelova?                           Ser du ein blir plaga?                  

    

 

Eg skal vere meg,                             Det er ikkje bra!
men gje plass til andre,                   Alle må stå saman
slik at dei blir seg,                            om å sei i fra!
bry meg om ein annan,                   Alle barn på jorda
hjelpe når eg kan.                             har den same rett
Slik blir livet betre                            til å vere trygge
for barn i alle land                           og til å vere sett.

 

 

Verdigrunnlaget i Løvelova skal vere innarbeid i arbeidet vårt og i korleis vi møter kvarandre. Det gir ei tydeleg og forpliktande ramme for korleis barn og vaksne skal ha det saman. Vere Saman stimulerer til refleksjon og har ei filosofisk innstilling til tema som blir teke opp, slik at gode haldningar blir utvikla hos både vaksne og barn.