Visjon og kjerneverdiar

Visjon og kjerneverdiar


Vår visjonen er "Leikanger barnehage, her er eg, sjå kva eg kan". 

Satsingsområda våre er: «Språkleg mangfald», «Leik og relasjonar», der vi fortset med fokus på å bruke det pedagogiske materialet i «Vere saman». Skal borna føle seg inkluderte, må vi bidra til at alle kan få leike med andre og oppleve vennskap og det å halde på vener. Dei skal også få støtte til å meistre motgang, handtere utfordringar og bli kjende med eigne og andre sine kjensler.

Vi må legge til rette for at alle borna vert involverte i samspel og samtalar og at dei får positiv erfaring med å nytte språket som kommunikasjonsmiddel og som uttrykk for eigne tankar og kjensler.

Vi jobbar med kompetanseutvikling for personalet i barnehagen. Vi skal jobbe med oss sjølve slik at kvaliteten i det daglege arbeidet med borna vert styrka og vi skal vere dyktige til å inkludere både borna, medarbeidarane våre og foreldra. Målsettinga vår er at vi skal bli gode autoritative vaksne som har høg grad av varme samstundes som vi har ein del rammer og krav i høve til borna.

Barnehagen legg også vekt på friluftsliv og det å vere mykje ute. Vi har mykje fin natur i nærmiljøet med både fjøra i Raudvika, og den flotte gapahuken på Kleppe-gjerdet som gjer at vi kan vere ute i naturen i all slags ver og kjenne på gleda av å få meistre og bruke alle sansane i det naturen rundt oss byd på.