"Easter bonnet"

Visste du at i England er det ein tradisjon for barn å lage seg “Easter bonnets” som dei har på seg i påskeparaden?

Fore elevar som har på seg påskehatt. - Klikk for stort bilete Veronika Djupvik

Før i tida brukte folk i England å kjøpe seg nye klede og hattar til påske. I dag er det tradisjon for engelske barn å lage seg påskehattar, så kalla “Easter bonnets”, som dei har på seg i påskeparaden, “the Easter parade”. Hattane kan vere både vakre og morosame. 

Her på Leikanger skule har nokre av elevane laga seg flotte “Easter bonnets” der dei har fulgt oppskrift på engelsk.