Elevrådet satsar «Beintøft»

Det nye elevrådet ved Leikanger skule er i full sving. No satsar dei «Beintøft»!

Tommel opp for engasjementet for "Beintøft" - Klikk for stort bileteElevrådet ved Leikanger skule: Vårin, Live, Ingeborg og Laurits. Norunn Lindvik Velsvik

Måndag 4. september gjekk startskotet for «Beintøft», den største gå-til-skule-aksjonen for barneskuleelevar. Målet er å få fleire barn til å gå, sykle eller køyre kollektivt til skulen. Med dette ynskjer «Miljøagentane» å skape naturglede, forståing for klimaendringane og vise at alle kan gjere ein skilnad. Beintøft er organisert som ein konkurranse, der det er om og gjere å skaffe flest poeng.

På Leikanger skule har vi lokalsamfunnet som tema i september. Fleire elevar opplever trafikkfarleg skuleveg, og FAU har arbeidd med saka over lang tid. Vi tenkjer at «Beintøft» støttar opp om arbeidet vårt. Elevrådet har med seg heile skulen. Dei vil gjere det dei kan for skulevegen, helse, miljø og trivsel!

Sjå meir informasjon på nettsida beintoft.no.