God start på nytt skuleår: Vi kom på toppen

Vi har hatt ein fin skulestart. I førre veke var eitt av høgdepunkta bokstaveleg tala toppen! Vi var på Hillehornet.
 

Torsdag den 24.august var heile skulen på fjelltur. Målet var først Bakkhammaren, så Hillesteinen/Hillehornet. Vèret var fint, motivasjonen var på plass, og vi hadde heile dagen til rådvelde.
Slike dagar gjer noko med oss. Vi får god tid til å snakke saman, vi oppdagar små og store under i naturen, vi opplever meistring både i lag og kvar for oss, og vi får felles opplevingar som vi tek med oss vidare. Leikanger skule har uteskule på timeplanen kvar veke, men då er vi mest i området rundt skulen. Denne dagen var det toppen som var målet, og det vart "ein toppers dag"!