Det var mange kreative og flotte kostymer på Leikanger skule under årets karneval.
Det er fast tradisjon at vi arrangerer karneval veka før vinterferien her på Leikanger skule. I tillegg til karneval, feira vi også at sola endeleg er tilbake på skuleplassen. Elevane og dei tilsette møtte opp i kostymer, og vi hadde ein fullpakka dag med kjekke aktivitetar for heile skulen. Vi starta dagen med å gå polonese og limbo, så var det catwalk der elevane fekk vise fram kostyma sine på scena. Vidare hadde vi fleire ulike leikar gjennom dagen. I lunsjen laga vi til med bord og stolar til felles lunsj i lisejsalen. Elevane på mellomtrinnet hadde baka solskinsbollar til alle elevane, og det var nydeleg gode bollar! Vi avslutta dagen med brettspel og utdeling av diplomar for god innsats i dei ulike aktivitetane.