Koding er kjekt og lærerikt!

På Leikanger skule jobbar elevane mykje med programmering/koding. Elevane nyttar både Osmo Coding, Lego Boost og bit:bot.

Variert undervisning bidreg til å inkludere og motivere elevane. Programmering/koding har kome meir og meir inn i skulen den siste tida, og dersom vi går til læreplanen og matematikkfaget, så finn vi kompetansemål som seier noko om kva elevane skal lære innanfor dette feltet. Elevane i småskulen jobbar mykje med programmering/koding gjennom Osmo Coding og Lego Boost, medan elevane på mellomtrinnet nyttar bit:bot.