Leikanger skule spring for fred

Leikanger skule støttar tv-aksjonen «La barn leve i fred». I dag har vi hatt skuleløp, og elevane gav alt.  

Tre gutar i høgt tempo

Totalt sprang dei 698 runder rundt fotballbana. Vi reknar med at det vil vise godt att på spleisen vår. Gå gjerne inn på den digitale bøssa vår og gi ditt bidrag.

Tv-aksjonen i år går til Redd Barna sitt arbeid for barn ramma av krig og konflikt. Denne veka har elevane på Leikanger skule lært om barn som ikkje får gå på skule, som er redde kvar dag, som blir skada av bomber og som har kome vekk frå foreldra sine. 

Det er mykje uro i verda,  og vi er heldige som har fred i landet vårt. Vi vil at alle barn skal kunne leike, lære og leve i fred! Difor hadde vi skuleløp i dag. 

Vi er stolte av innsatsen vår, og vi er glade for å kunne bidra gjennom spleis til Redd Barna sitt gode arbeid.