MatteLabbens Mester!

I nesten heile november har elevane kjempa om seieren i MatteLabbens Mester, ein reknekonkurranse i matematikk for elevar på 1.-7.trinn.

I Herøyskulen nyttar elevane Campus som læreverk i matematikk på 5.-7.trinn. Kvar haust arrangerer Campus ein matematikkonkurranse i rekning som heiter MatteLabbens Mester. Via konkurransen får elevane øve seg på grunnleggjande matematiske ferdigheiter og reknestrategiar i verktøyet MatteLabb. Du kan lese meir om MatteLabbens Mester via denne linken: https://campus.inkrement.no/Home/MattelabbensMester 

Her på Leikanger skule var det 6.klasse som stakk av med seieren i år. Vi gratulerer! 

Elevane opplever konkurransen som motiverande og engasjerande. Dei satsar på ny seier neste år når dei er 7.klassingar.