Vinnarane av sjakkturneringa 2024, rangert frå høgre med årets vinnar Levi Havåg 3.klasse.
Joakim Bakke Muren
Dei siste åra har det vorte ein tradisjon med sjakkturnering for elevane på 3.-7.trinn her på skulen. Det er elevrådet i samarbeid med lærar som er ansvarleg for kroppsøvingsfaget på skulen som arrangerer. Turneringa går over eit par veker, der elevane spelar sjakk i matfriminuttet om lag kvar dag. Elevar som ønsker å vere publikum får sitje rundt og sjå på. Elevrådet og ein vaksen på skulen er inne og held vakt.
Torsdag 21.november var det duka for finale og bronsefinale, der fire elevar kjempa om 1., 2., 3., og 4.plass i turneringa. I årets sjakkturnering var det Levi Havåg (3.klasse) som stakk av med seieren. Vårin Kleppe (4.klasse) tok andreplassen, Levi Kleppestrand (7.klasse) tok tredjeplassen og Håkon Kalland (4.klasse) tok fjerdeplassen.
Sjakk er ein krevjande sport når det kjem til konsentrasjon og strategisk tenking. Vi er svært imponerte over kva elevane presterer på sjakkbrettet!