Verdas høgaste snømann?

Nokre av elevane på Leikanger skule lurer på om dei kan ha laga Noregs, eller kanskje til og med verdas, høgaste snømann.

Fire elevar som står saman med den kjempehøge snømannen som dei har samarbeida om å lage. - Klikk for stort bilete Vivian Værnes

Det var stor glede for mange av elevane då dei vakna til snø torsdag 13.mars. Nokre av elevane fann ut at dei skulle prøve å setje verdsrekord i å bygge den høgaste snømannen som har blitt laga av barn. Dei samarbeida om å bygge ein smømann som enda med å verte 3m og 71cm høg. Trur de dei har teke ny rekord?