Verdens beste SFO, og verdens beste koldtbord

Sjølv om andre kan seie det same, så er vi heilt einige om ein ting: Vi har verdens beste SFO! På verdens beste SFO serverer vi koldbord, og borna har bestemt kva sunn mat som skal vere på bordet.

Borna forsyner seg i tur og orden - Klikk for stort bileteKoldtbord på SFO er tipp-topp! Norunn Lindvik Velsvik

I går hadde vi ekstra lang matøkt på SFO. Elevane i 4.klasse hadde laga til eit fargerikt og variert koldtbord. Både SFO og skulen veit kor viktig det er med sunt kosthald. Sunn mat gir oss energi til både læring og leik, og då får vi det fint i lag.