Vi støttar TV-aksjonen 2024!

Torsdag 17.oktober arrangerte vi skuleløp til inntekt for årets TV-aksjon som går til Barnekreftforeninga. 

“Sammen for små helter” er slagordet for årets TV-aksjon. I år går TV-aksjonen til Barnekreftforeninga som skal etablere familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo. Her kan barn med alvorleg sjukdom og familien deira får moglegheit til å bu saman medan barnet får behandling.

For å støtte årets TV-aksjon arrangerte vi skuleløp her på Leikanger skule. Elevane sprang runder rundt bana til inntekt for aksjonen. På førehand hadde elevane skaffa seg sponsorar på heimebane, som sponsa dei for kvar runde dei greidde å springe/jogge/gå i løpet av ein skuletime.

Spleisen vår finn du her