Det er kjekt å kunne nytte seg av det fine vinterværet som vi har no.
Torsdag 9.januar vart det arrangert uteskule med ulike vinteraktivitetar for elevane på Leikanger skule. Nokre hadde med seg langrennski og gjekk tur i lysløypa, medan andre aka og haldt på med andre kjekke aktivitetar i snøen. Vi hadde det så kjekt at mange av dei tilsette gløymde å ta bilete. Før jul hadde vi ein del mjølk til overs som vi fraus ned, og dette vart til nydeleg kakao i vinterkulden.