Satsingsområde

Satsingsområde

Satsingsområde for 2023-2024: Inkludering og lesing i alle fag

Overordna del i læreplanen presiserer at skulen skal utvikle eit inkluderande fellesskap som skal fremje helse, trivsel og læring for alle (Kunnskapsdepartementet, 2020). Det å kjenne seg inkludert, og å vere ein del av eit fellesskap, er viktig for alle. For oss på Leikanger skule er det viktig at alle elevane kjenner seg som ein del av læringsfellesskapet. Sosial tilhøyring er ein viktig faktor for at læring og utvikling skal skje.

Herøyskulen har nyleg hatt eit treårig utviklingsarbeid med fokus på lesesatsing. Leikanger skule var ein del av dette, og vi har valt å halde fram med å ha fokus på arbeidet med lesing. Arbeid med lesing rommar svært mykje, og det er den viktigaste ferdigheita elevane utviklar i skulen. Vi vil støtte leseutviklinga, slik at elevane kan bruke lesing som reiskap i fagleg læring. Gode lesarar kan lære det dei vil.

Vi vil

  • bruke nye ressursar inn i leseopplæringa, støtte oss til Leseplanen
  • bruke elevar som bibliotekvertar
  • motivere elevane for høgtlesing når dei øver seg i å lese
  • delta i Norli Junior sin lesekonkurranse
  • arrangere leseprosjektet «øyhopping»
  • legge til rette for ulike måtar å oppleve høgtlesing på: eldre barn les for yngre barn, foreldre/besteforeldre deler litteratur med oss, lesestunder på biblioteket, høgtlesing i klasserommet m.m.
  • vere tydelege rettleiarar når vi korrigerer elevane si leseutvikling
  • at elevane skal vere med på å bestemme kva litteratur vi skal kjøpe, spesielt litteratur for gutar
  • vere bevisste på at skriving og lesing «går hand i hand»
  • vere gode på å registrere når elevane sporar av frå forventa leseutvikling, og vite korleis vi skal få dei på rett spor att
  • ha dialog med heimane om korleis dei kan støtte opp om barnet si leseopplæring
  • arbeide med lesing i alle fag