Ferie

Ferie

Sommaren

Barnehagen er open t.o.m. den første veka i juli og held så stengt i 4 veker. Barnehagen opnar igjen andre veka i august på tysdagen. Måndagen har personalet planleggingsdag – slik at vi kan gjere klart for eit nytt barnehageår. Nytt barnehageår startar alltid i veke 32. I følgje vedtektene til Herøy kommune skal barna i løpet av barnehageåret ha 4 veker ferie – kor 3 av desse må vere samanhengande. Skulle det vise seg at nokre foreldre vil få vanskar med barnepass i dei 4 vekene barnehagen har stengt, kan det verte gitt tilbod om å få vere i ein ”oppsamlingsbarnehage”. Det vil seie at barn frå alle dei kommunale barnehagane som har behov for eit barnehagetilbod vil verte samla i ein barnehage.

For å ha drift i ein «oppsamlingsbarnehage» må det minst vere fem barn som har behov for plass. Kva for barnehage som vert «oppsamlingsbarnehage», samt personale, vert ikkje bestemt før det nærmar seg ferieavvikling

Romjula

Barnehagen held stengt i romjula. Siste opningsdag er 23. desember, og første opningsdag er andre normale kvardagen. Barnehagen har planleggingsdag første arbeidsdag etter nyttår. I samband med påsken held barnehagen stengt siste onsdag før skjærtorsdag, jamfør vedtektene. Måndag og tysdag forut, brukar barnehagen å spørje alle føresette kva behov dei har for barnehageplass. Dette gjer vi for å kunne planlegge drifta på ein god måte. Elles så held barnehagen stengt dei tradisjonelle merke- og høgtidsdagane som 1. mai, 17.mai, påskedagane, Kristi himmelfartsdag o.l.