Om oss

Moltu barnehage er ein kommunal einavdelings-barnehage som vart opna i 1973. 

Moltu barnehage er ein kommunal einavdelingsbarnehage som vart opna i 1973. Barnehagen har 24 plassar fordelt på alderen 0-6 år. Barnehagen ligg flott til i byggefeltet på Moltustranda og har både, skog, fjell og fjære i kort gåavstand frå barnehagen. «I flott natur med fjell og fjøre, ligg den finaste barnehagen på ytre søre. Med skog og fjell rett ved stovedøra, og utsikt rett ned i krabbefjøra».