Tilvenning

Tilvenning

Barnehageopptaket blir klart midt i mars månad kvart år. Barnehagen inviterer til ein besøksdag for dei nye som skal starte opp, i juni.

Til nye foreldre

Det er viktig å sette av tid til barnet og barnehagen dei første vekene av tilvenninga. Korleis eit barn tilpassar seg den nye kvardagen i barnehagen er individuelt. Vårt mål er at overgangen frå heim til barnehage ikkje skal opplevast som eit brot, men som ein utviding av moglegheitene for kontakt og nye erfaringar. Like fullt inneberer overgangen til barnehagelivet ein lausrivningsprosess for både barn og foreldre. Det kan opplevast som vanskeleg å overlate barnet sitt til menneskjer ein ikkje kjenner. Ein kan verte usikker på om ein gjer det rette for barnet, og på om barnet vil får det godt her og trivast. Desse kjenslene opplever dei fleste foreldre, og viss det kan hjelpe – snakk med barnehage om det.

Personalet meiner at det er lurt å setje av minimum 3-4 dagar når barnet dykkar skal venne seg til det å gå i barnehagen. Tilvenning til eit nytt miljø og nye situasjonar er ein prosess som tek litt tid. For nokre barn er det nok med eit par dagar – for andre trengs det noko lengre tid. Det kan avhenge av barnets alder og om det har erfaring med barnehage frå tidlegare. Det er viktig at dykk foreldre er tilgjengeleg for barnet dykkar i den tida det er i barnehagen dei fyrste dagane. Om dykk etter nokre dagar ikkje kan vere her sjølve – og det visar seg at barnet dykkar framleis har behov for ein nærperson i nærleiken – er det fint om nokon andre som barnet kjenner godt kan vere tilgjengeleg.

Under tilvenninga – og når ein ser at barnet kjenner seg meir trygg - så er det viktig at dykk foreldre trekk dykk i bakgrunnen og lar personalet få samspela med barnet i størst mogleg grad. Barnehagen erfarer at det er vanskelegare for både barnet og personalet å utvikle eit tillitsforhold når foreldra er tilstades heile tida. Barnet vil oftast då berre vende seg til foreldra i staden for å verte kjent med dei andre barna, det øvrige personalet og barnehagens rom og materiale. I ein innkøyringsfase bør ikkje barnet ha for lange dagar i barnehagen. Barn treng ein god og myk start om dei skal kjenne seg trygge i sine nye omgjevnader.

Vi som jobbar i barnehagen er svært opptekne av at dykk foreldre ikkje skal gå herifrå med tungt hjarte fordi barnet dykkar gret. Dykk skal vere trygge på at vi ringer dersom det ikkje går over. Vår erfaring er at gråten ofte stanser så snart foreldra ute av syne. Dykk må heller ikkje vere redde for å ringe hit og høyre om korleis det går med barnet dykkar etter at dykk har gått, det er vi berre glade for.

 Tilvente foreldre

Personalet erfarer at også barn som er godt kjende med barnehagen kan ha behov for tilvenning igjen. Det kan t.d. skje etter ein lang sommarferie. Enkelte foreldre kan også oppleve at barnet plutseleg ikkje vil gå i barnehagen, og at det å levere om morgonen vert ein utriveleg situasjon. Årsakene til dette kan vere mange; Kanskje har barnet vore borte i frå barnehagen ei veke grunna sjukdom, og treng å omstille seg igjen? Kanskje har det fått eit nytt sysken og vil heller vere heime med mor eller far? Kanskje har det hendt noko i barnehage som gjer at barnet vegrar seg? Uansett årsak, så er det viktig at dykk foreldre snakkar med personale dersom det plutseleg endrar åtferd – slik at vi på best mogleg måte kan hjelpe barnet dykkar og saman finne ut årsak og tiltak. Vi er opptekne av at barna skal trivast og oppleve glede av å vere i barnehagen.