Helsestasjon og PPT

Helsestasjon og PPT

Moltu barnehage har eit nært og godt samarbeid med helsestasjon og PPT (pedagogisk psykologisk teneste). Har vi samtykke frå føresette kan vi kalle inn til felles møte i barnehagen der alle partar kan samlast. Laget rundt barnet er viktig.

Når barnet blir kalla inn til 4-års kontroll på helsestasjonen, har de føresette allereie fått gått gjennom utviklingsskjema med pedagogisk leiar i barnehagen. Dette er med på å trygge oss i alle overgangar. Om vi er usikre på noko rundt utviklinga til barnet, er det fint å kunne møtast å prate om det.

PPT kjem til barnehagen når vi ber om det. Det kan vere at føresette og pedagogisk leiar har diskutert noko rundt språk/åtferd på ein foreldresamtale, som dei ynskjer at PPT skal sjå på/vurdere. Med løyve frå føresette kan PPT kome og observere barn i leik, vaksne sin relasjon med barn og om systemet rundt barnet fungerer optimalt. PPT er også ein god samtalepart for pedagogane i barnehagen. PPT kan også ta kartleggingar/testar som seier noko om språkutviklinga til barnet. Då blir tiltaka vi set inn også meir presise.