Førskulegruppe/Rosaruss

Førskulegruppe/Rosaruss

Siste året i barnehagen før skulestart, prøver vi å lage litt spesiell for borna. Borna har gått i barnehagen i fleire år, og treng meir inspirasjon og utfordring i kvardagen.

Ein dag i veke set vi av til «Førskule». Då øver dei på å lytte, vente på tur, rekke opp handa, før mattematiske øvingar og ord og omgrep.

Vi brukar Aktivitetshefte trampoline på «førskuleklubb». Heftet er inndelt i tema basert på fagområdane frå rammeplanen, og det legges vekt på leik og læring, undring og refleksjon, språkstimulering og omgrepsforståing.

Bading på Badeland i Fosnavåg startar tidleg på hausten, og vi får kome 1-2 gongar per månad frå august til mai. Der brukar vi profesjonelle badeinstruktørar, og vi er med og hjelper til. Vi leiger inn buss, og vi er også av og til innom biblioteket. Badinga og bussen er gratis. Vi har søkt og fått midlar frå Statsforvaltaren.

Rosaruss er en tradisjon i Moltu barnehage.  Russedåpen er i slutten av april der dei får et russenamn som passer til kvart enkelt barn.