Ein god start på veka, må vi kunne seie at det var. Passeleg fint arbeidsvèr, og varme og vind til å jobbe godt i genser og sko. Vi fekk gjort ein heil del av både kosting, luking, raking, skruing, spikring og planting av blomster. Det var ein suksessfaktor at elevane fekk ta med seg både verkty og reiskap heimanfrå.
Å ta vare på det vi har er ein viktig lærdom. Vi hadde nokre benkar som trengte seg eit løft, som vart reparert slik at dei kan nyttast ei stund til. Ballbingen vår trengte seg også ei oppussing, med både tråkling av målnett og skifte av knekte fjøler. I tillegg nokre blomsterkasser som sang på siste verset. Så mykje ein kan få til med ein drill og ein hammar!. Kvalsund gartneri sponsa oss med nye blomster, og ein av foreldra tok på seg oppdraget med å levere inn alt rusket til SSR på Mjølstadneset. Eit godt samarbeid mellom skule, heim og lokalt næringsliv. No gler vi oss til 17.mai:-)


Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik




Åse Bårdsnes Dypvik
Åse Bårdsnes Dypvik