Fyrste dag i 1.klasse

Fyrste dag i 1.klasse

I dag var endeleg dagen komen! Åtte flotte, nysgjerrige, gøyale og gode 1.klassingar er på plass på Nerlandsøy skule. Til saman har vi 73 elevar dette skuleåret. 

Vi starta dagen med fellessamling på uteområdet vårt denne morgonen. Det er godt å få kome i gong att med skulekvardagen etter sommarferien. Vi vaksne på skulen har brukt ei heil veke til å førebu oss, og er klar for nye muligheiter i lag med elevane. Vi veit at mange gler seg til skule, og vi veit at fleire gjer det motsette. Det er viktig at vi vaksne tek det med i planlegging og gjennomføring av skuledagen, for at alle skal få ein så god skulestart som råd for alle elevane. 

Vi skal i lag, både store og små, sørge for at alle har det trygt og godt på Nerlandsøy skule. Å vere ulike er slik det er, og i tillegg både viktig og lærerikt. Å tole og respektere at vi er ulike, men likevel vere vener, er viktig å ha fokus på. Eg er eg, og du er du, saman skal vi vekse og utvikle oss. Vi vaksne er og ulike, men felles haldning og mål for korleis arbeide med læremiljøet er ein stor del av arbeidet vårt kvar dag. 

Vi gler oss over nytt skuleår på Nerlandsøy skule!